Mitt møte med Bernhard Nord

Mitt ”møte” med Bernhard Nord fekk eg gjennom ein bokserie som vart utgjeven her i Norge på slutten av 70 talet. Sidan har eg lese bøkene mange gonger, og finn stadig nye ting som eg festar meg ved.

På det tidpunktet arbeidde eg som anleggskokke på eit veglaust tunellanlegg, høgt til fjells, og hadde såleis god tid til å lesa. Nordh`s skildringar er identiske med den kampen for føda og tilvære som mine forfedre hadde. Dei og levde på ein fjellgard, med ei mil til fjords og handelsmann. Har eit ynskje om eingong å få koma til stadene han så meistarleg skildra, og der få gå i Bernhard Nord`s fotspor.

Kristin Skromme

N-5499 Åkra